sl-mek jbl
Ny sertifisering gir stålkontroll
 
Dagleg leiar hjå SL Mekaniske er stolt over at bedrifta no kan CE-merke sine produkt, men trur nytt regelverk vil 
ta knekken på mindre bedrifter.

Artikkel fra Jærbladet 16. juli 2014

- Ser du det nummeret?

Dagleg leiar Henning Dyskeland peikar på eit nummer skrive med tusj på eit stykke stål.
Eit kjapt overblikk viser at alt stål som ligg i verkstaden har eit slikt nummer. Dyskeland leiar an mot nokre ferdige produkt. Dei har fått ein bokstav og eit nummer.

- Desse sporingsnummera finn eg att i sertifikata som følg varene. Dei opplyser om kva stål som er nytta, kor stålet kjem frå og kva sveisearbeid som er gjort med produktet, forklarer han.


Først ute

Innanfor dørene i bedrifta på Håland utanfor Bryne flaksar smil og humoristiske kommentarar gjennom lufta.

Henning Dyskeland har vore tilsett her like lenge som SL Mekaniske har eksistert: 20 år. Dyskeland var ein heilt vanleg sveisar då han kom inn døra første gong. I dag er han altså dagleg leiar.

Denne sommardagen smiler han om kapp med sola. Ved si side har han Cecilie Karlsen. Ho har ansvar for personalet og helse miljø og tryggleik i bedrifta. Karlsen kan fortelje om ein lang prosess for å verte sertifisert etter dei nye krava for ståkonstruksjonar til bygg, som tredde i kraft 1. juli (sjå fakta).

- Me var første gong på kurs i den nye standarden i 2009. Det har vore mykje som skulle leggast om i systema våre for å kunne spore alt heil tilbake til stålleverandøren. Alle våre tilsette har fått opplæring, og me måtte finn leverandørar som gir oss dei rette materialsertifikata, forklarer ho.

I mai vart bedrifta sertifisert etter den nye standarden, som ber namnet NS-EN 1090.
Ifølgje informasjon om CE-merking på Norsk Stålforbund sine nettsider, er det ulovlig å levere varer til byggeplassar utan CE-merke etter 1. juli.

- Eg håper at byggherrane sett seg inn i regelverket, seier Dyskeland.


Tøff kvardag

Duoen er svært nøgde, og trur firmaet er den første stålentreprenøren i Rogaland som er sertifisert. Likevel er ikkje kvardagen rosenraud.

- Stålbransjen er tøff. I dag har me same kilopris som i 2009. Det må me for å komme gjennom og få tilbod i anbodsrundane, fortel Dyskeland.

Han ser at stadig fleire konkurrentar får gjort mykje av arbeidet i utlandet, men ønskjer ikkje å gå den vegen sjølv.

- Me må vere så dyktige at me klarer å konkurrere. Eg håpar sertifiseringsordninga vil hjelpe oss i konkurransen mot useriøse aktørar, seier leiaren.

Både Karlsen og Dyskeland ser på den nye ordninga som positiv, særleg for byggherrane. Systemet skal sikre kvaliteten og dersom regelverket vert følgt skal det ikkje vere mogleg at eit bygg rasar saman.

- Bransjen vert meir seriøs, og det vert like reglar for alle, held Karlsen fram.

- Dette gir oss moglegheit til å lære, og til å verte betre. Dersom noko skulle vere, feil kan me no gå tilbake og sjå kva som var problemet. Dermed vil kvaliteten gå opp, trur Dyskeland.


Harde krav for småbedrifter

Det har kosta pengar å møte dei nye krava.

- Enkeltmannsføretaka får ein tøffare kvardag. Eg trur eit slikt system vert altfor dyrt for dei minste bedriftene, seier Dyskeland.

Han meiner det er leit om mange av dei gode enkeltmannsføretaka går under.

- På den andre sida er det positivt at systemet vil luke ut useriøse aktørar, og at me får moglegheit til sporing, seier Karlsen.

No er dei tilsette hjå SL Mekaniske godt i gang med det første prosjektet som skal stemplast ut med CE-merket på. Her er det krav om full dokumentasjon på alt frå stål til boltar som er nytta.

- Me er veldig letta over å vere i gang med nytt regelverk, seier den daglege leiaren



Faktaboks

Krav til CE-merking
  • Kravet om CE-merking av stålkonstruksjonar til bygg vart obligatorisk 01.07.2014.
  • Standarden som gjeld for fabrikkerte stålkonstruksjonar heiter NS_EN 1090.
  • På nettsida til Norsk stålforbund kan du finne ei liste over sertifiserte bedrifter.

Kjelde: Norsk Stålforbund.


skjermbilde 2014-12-12 kl  11 38 59